Fyllefest i Førde

Publisert 17.11.2020 08:13, oppdatert 17.11.2020 08:14 - Ole J. - tips@stottmedia.no

Fyllefest i Førde

Mandag morgon var det fyllefest i Førde, utan at det var naudsynt å tilkalle politiet. 

  

10,89 for diesel og 11,89 for bensin er sjeldan vare, men det var tala som møtte bilistar på veg til jobb. 

Tendensen er klar kvar veke, bensin og diesel er billegast søndag, mandag og tysdag, og stig så i pris utover i veka. Dette er vanleg, men når oljeprisen er låg blir også prisen på drivstoff lågare. 

diesel

Vår mann på kontoret har ein bil som er sultefora, og meir eller mindre har gått på luft og kjærleik dei siste vekene. Stort må sjokket difor ha vore for den stakkars Volvoen då det var plass til 73,23 liter på tanken - som i instruksjonsboka er oppgitt til å romme 70 liter. 

Les også