Velkomen til sykkelbyen Førde

Publisert 25.08.2020 10:38, oppdatert 25.08.2020 10:42 - Ole Jacob Huus - tips@stottmedia.no

Velkomen til sykkelbyen Førde

Det er ikkje lett å navigere i trafikkreglane for oss vanlege folk. Det resulterer gjerne i bøter. Her er eit eksempel på feilparkering frå sykkelbyen Førde.   

  

Satsane for feilparkering er 300, 600 eller 900 kroner, alt etter kor grovt det blir rekna for å vere. Det høgste gebyret er dersom du t.d. har parkert på ein plass merka for køyretøy som har handicap-skilt. Dersom du har gløymd å hente parkeringslapp der det er gratisparkering for ein periode er gebyret 300 kroner. Her er oversikta. 

  • 600 kroner for ikkje å ha betalt eller dersom du står for lenge
  • 600 kroner for å stå utanfor oppmerka plass 
  • 900 kroner for å stå der det er parkering forbudt eller stans forbudt 
  • 600 kroner for å stå på parkert på ladeplass for elbilar  
  • 900 kroner i bot for å parkere på handicap-parkering 
  • 300 kroner om du gløymer å ta billett på privat gratisparkering.

Førde har ikkje vore prega av å ha eit strengt regime når det gjeld parkering (eller feilparkering). Ein tur rundt i handelsbyen på ein heilt vanleg dag, er nok til å gje sjølv den mest garva parkeringsvakta frynsete nervar. 

 

Politiet går foran

At "mannen i gata" ikkje alltid følger reglane er velkjend, men at politiet går framfor med eit dårleg eksempel er heldigvis meir sjeldan.

Vi fann denne uniformerte politibilen utanfor tingretten i Førde 25. august. Bilen stod parkert på staden i meir enn to timar. 

 

Politi 1

Dersom lova er lik for alle, skulle føraren av denne bilen ileggast ei bot (truleg på 900 kroner) i og med at feltet ved sykkelparkeringa er skravert og såleis ei sone der det er parkering forbode. 

 

Har du foto av "gode" feilparkeringar, kan du sende det til tips@stottmedia.no

Les også